Intervju med Siri Pettersen!

Ein
god del har høyrt om ravneringene av
Siri Pettersen. Den andre boka i denne fantastiske serien blei utgitt denne
hausten. Råta er ei strålande bok som
eg vil anbefale, sjølvsagt mest til dei som har lest første boka. Gleder meg
til neste bok, og som superbrukar har eg fått lov til å ha eit lite intervju
med Siri som de får lese her.
Korleis begynte du skriveprosessen din?
Det begynte vel som dei fleste andre: Lausrivne tekster i ein notisbok. Nokon setningar i eit dokument som vaks. Teikningar. Tankar. Så tok det meir og meir plass til det var ein elendig bok som eg skreiv om fire-fem gongar. Undervegs lærte eg meg å strukturere, så sjølv om det fremdeles er ein kaotisk prosess, så er den atskilleg ryddigare enn første gang.
Kva inspirerte deg?
Alt eg elska, og det trur eg gjeld dei fleste som skriv. Bøker var mindre viktige enn ein skulle tru, eg var meir opptatt av bileter og illustrasjonar. Og så klart: Ramn, kråker, rollespill og forelskinga i romantisert middelalder :)
Trur du det finnes mytologiske skapningar i verkelegheita? Eller har gjort det?
Nei, eg trur ikkje det, men det har openbart eksistert - og eksisterer fortsatt - skapningar som stimulerer fantasien vår. Det er for eksempel ikkje utenkelig at ein stor øgle ble til draken. Og det finnes utrolige skapningar i havet som er til forveksling lik UFO-illustrasjonar. Naturen er full av ting som for oss er fullstendig fremmedarta, og vi liker å blande, leike, fortelle historier … Det var sånn vi lærte. Og overlevde.
Kva var det kjekkaste med å skrive andre boka i ravneringene?
Å få lov til å overraske! Og sjølvsagt å vite at så mange satt og venta på den. Det var både herlig og skremmande.
Kva utfordringar har du møtt på din veg og kva har vore det vanskelegaste med skapinga av Råta?
Det vanskelegaste var å fokusere på historia, og ikkje la seg distrahere av detaljer. Det var for eksempel freistande å skrive en haug om korleis Hirka opplever vår verden, men eg hadde valt kva historia skulle handle om, og det var ikkje hennes tilpassing. Mykje av det ble kutta. Språkproblem, dører som opnar av seg sjølv osv. Det var også utfordrande å manøvrere i avgrensinga i vårt samfunn. Det er faktisk utroleg vanskeleg å bevege seg usett! Alt kan bli spora. Reiser, telefonar, internettbruk … Til og med å gå rundt i gata vil fange deg opp på eit kamera eit sted, og det var ikkje det historia skulle handle om heller. Nokon gongar må man bare ta tøffe val.
Kva er dei beste opplevingane dine som ein forfattar?
Leserane! Dei går så opp i dette universet at eg nokre gongar lurer på om dei kjenner det betre enn meg. Og dei lager dei utrulegaste ting! Eg har fått nydelige og rørande gåver. Ramnesmykke, teikningar, hanskar, julekuler, ein song … Og på toppen av det heile er det ei som har tatovert Ravneringene-logoen på ankelen. Eg bøyer meg i støvet for desse fantastiske menneska eg har vært så heldig å få skrive for.
Har du nye idear til nye seriar i framtida allereie?
Det har eg, men eg har ikkje bestemt meg enno for kven eg kommer til å starte på. Tusen takk som spør!
forfattermøte, superbrukere, November 2014
Er 17 år og kjem frå ei lita øy kalla Bømlo :)