Musikalar!

Publisert 11. mai 2015 12:00, sist redigert 19. september 2015 22:50

(Foto: Canon In 2D)

Alle har sett ein film som er basert på ei bok, men visste du at bøker også har blitt gjort om til musikalar? Nedanfor kan du lese om fem bøker som har funne vegen til teaterscena:

Oliver!Oliver! by David Occhino
Kven kjenner ikkje fattigguten Oliver som blir kasta ut av barneheimen fordi han er så frekk å be etter meir mat? Om venskapet mellom Oliver og Luringen? Og ikkje minst den merkverdige og eksentriske Fagin? Musikalen Oliver! er basert på boka Oliver Twist av Charles Dickens (1838). Musikalen hadde premiere for fyrste gong i 1960. Her kan du sjå glimt frå teaterscenen! 

Musikalen er også filmatisert heile seksten (!) gonger, kor tolv er film og fire mini-serier. Min personlege favoritt er den frå 1968. Disney har også laga ein teiknefilm inspirert av boka, nemleg Oliver og gjengen

Phantom of the Opera 
Lysekroner fell ned og ting forsvinn på uforklarleg vis. Operaen er heimsøkt! Og det av ingen ringare enn eit ekte operafantom! Og, ein må ikkje gjere han sur for då vil ein kjenne på hans vreide. Operaen har fått nye eigare, men vil dei tolerere hans krav? Kva vil skje med den unge, vakre sopranen Christine -  som fantomet har fatta interesse for?

Operafantomet eller Le Fantôme de l'Opéra er skriven av den franske journalisten Gaston Leroux. Den blei først utgitt som ein føljetong i ei avis i 1909 og kom som roman i 1910.

Det har vore mange spekulasjonar om det verkeleg fantes eit operafantom i Opera Garnier. Forfattaren skreiv sjølv i den aller fyrste setninga i boka at «operafantomet fantes verkeleg». Om dette er oppspinn for å vekkje
interesse for boka eller om han meinte det, er ikkje godt å seie.

Denne populære historia har blitt adaptert utallege gonger. Den mest kjende er musikalen til Andrew Lloyd Webber og filmane frå 1925 og 2004. Donald Duck og co har også teikna en egen versjon, Phantom of the Notre Duck (1965).

Sjekk ut musikalversjonen her!

Matilda the Musical
Dei fleste har høyrd om boka Matilda av Roald Dahl. Den lille, søte jenta som ikkje passar inn i sin eigen familie. Som elskar bøker overalt på jord! Som oppdagar at ho har heilt spesielle krefter, krefter ho brukar mot den slemme rektoren; frøken Trunchbull. Eg har aldri gløymt kaka Bruce Bogtrotter må spise (ugh) og Kveler’n som uskikkelege born må inn i (den gav meg mareritt!), og eg må innrømme at eg forsøkte leeenge å få ting til å flytte på seg sjølv ved å stirre intenst på dei.

Musikalen hadde premiere for første gang i 2011, og du kan sjå nokre glimt her


Annie
Lille foreldrelause Annie med sitt raude, krusete hår og med ein øydelagd medaljong rundt halsen. Jenta med temperament, mot og snakketøyet i orden! Og jenta som smelta steinhjartet til mangemillionæren Oliver Warbucks. 

Annie var originalt ein avisteikneserie av Harold Gray som het Little Orphan Annie som kom ut i Amerika i 1924 (og varte helt til 1968!) I 1979 så den dagens lys som musikal, og den har blitt spela på teater over heile verda. Du har kanskje sett Annie på film? Det finnes ei innspeling frå 1982 (som eg har sett minst 100 gonger, og bror min likeså), ein oppfølgjer som ikkje er musikal og ein ny versjon som du kan sjå på kino no


Og ein uoffisiell ein heilt til slutt:

A Very Potter Musical
Harry Potter har entra musikalverden!  A Very Potter Musical (AVPM) er laga av StarKid Productions, ein musikalteatergruppe med tilhald i Chicago. Gruppa hadde oppstart i 2009 på Universitet i Michigan med Harry Potter-musikalen i april. Musikalen er en parodi, og den er basert på Harry Potter og de vises stein, Harry Potter og ildbegeret, Harry Potter og Halvblodsprinsen og Harry Potter og dødstalismanene (både bøkene og filmane).

Du kan sjå heile musikalen på nett, og du kan få ein liten smakebit her! Songane er ganske «kind of catchy»! 

Synes du han som speler Harry ser litt kjend ut? Darren Criss har også hatt rolla som Blaine Anderson i TV-serien Glee

Andre musikalar basert på bøker som er verdt å sjekke ut er:
Les Misérables (De Elendige av Victor Hugo),
West Side Story (Romeo og Julie av William Shakespeare),
Cats (Old Possum's Book of Practical Cats av T.S. Eliot) og 
Chitty Chitty Bang Bang (Chitty Chitty Bang Bang: the Magical Car av Ian Fleming).
Sistnemnde er skriven av same forfattar som James Bond! Og filmmanus av Roald Dahl! Det er kult. 

Dette innlegget er skriven i samarbeid med Hedda  i ungdomsredaksjonen. 

musikk, filmatisert, mai 2015, musikaler

Cornelia er utdannet litteraturviter og jobber som bibliotekar på et lite bibliotek i Lardal.

Bøker i dette innlegget