Så spennande at du gløymer at det er på nynorsk!

[foto: bleach_555__the_hero / animefan]
No skal eg avsløre dei aller beste nynorskbøkene eg veit om!
Eg veit at mange kvier seg litt for å lese nynorsk, men her er bøkene som er så spennande at du gløymer å tenkje på at dei er skrive litt annleis enn du er vant til. Eg veit også at mange av lesarane her på Ubok les nynorsk uansett, og kanskje kan dei også oppdage nokre nye titler her?
Så, eg gir dykk dei aller beste nynorskbøkene for ungdom, delt inn i følgande bolkar:
Dei ALLER mest spennande
Dei ALLER lettaste å lese
Dei ALLER finaste
og ein liten fantasisk favoritt til slutt...
Dei aller mest spennande
Landet under isen av Lars Mæhle
- Marius Lund på uprisen.no
Englefjes av Ingelin Røssland
Engel Vinge er ei av dei tøffeste jentene eg har lese om, og ho kjem borti mykje rart! Moderne krim og veldig spennende.
Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl
Dette er ei av dei aller beste bøkene for unge fantasylesarar, og dei danske bøkene av Lene Kaaberbøl er omsett til nynorsk av Øystein Rosse. Og no kjem endelig den første boka på kino! Sjå trailer nederst i innlegget!
Arrfjes av Terje Torkildsen
Denne boka er faktisk så god at ho er månedens bok no i desember! Les meir i bloggen.
Om du liker det litt historiske, så vil eg også råde deg til å lese:
Inn i elden av Aina Basso
Nesten litt ekkelt spennande, om hekser som blir brent på bålet, og om kvinner med krefter utenom det vanlege.
Dei aller lettaste å lese:
Bebe av Bente Bratlund
Veldig lettlest, og veldig fin serie med bøker som tek opp eit ganske vondt tema: Voldtekt. Her finn du også gode ord om venner og om familie.
Skriv i sanden av Marjun Syderbø Kjelnæs
Action og spenning! Agentar mellom 10 og 17 år som hjelper myndigheitene, men offesielt sett ikkje finns. Lettlest, spennande, og den finnes som tegneserie også!
Dei aller aller finaste:
Mitt bankande hjarte av Alf Kjetil Walgermo
Korleis kan ein egentlig forholde seg til å skulle få ein hjertetransplantasjon, når det hjertet ein har er så opptatt med å være forelska for første gang? Mitt bankande hjarte er ei fin og var fortelling om å være forelska og å være veldig syk på samme tid. Eit veldig godt lesetips for alle som liker Faen ta skjebnen!
Ingen må vite av Aina Basso
Historisk roman, med tøffe tema som overgrep, men også veldig fint om å være forelska.
Det som er sant av Magnhild Bruheim
Ei bok som engasjerer deg frå første side, ei bok om sex, vennskap, overskriding, grensesetting og hemningslaus ryktespreiing på sosiale medium. Kven si side vil du velge?
Kva tåler så lite at det knuser om du seier navnet på det av Bjørn Sortland
Denne var med på lista over dei 15 beste norske ungdomsromanane nokon sinne! Les meir om kåringa og sjå heile lista her.
Den som berre er heilt fantastisk!
Song for Eirabu-bøkene av Kristine Tofte
Åh, eg veit ikkje kvar eg skal starte for å fortelje deg kor fine desse to bøkene er! Eg syns prologen, dei aller første sidene i den første boka var litt tunge, men eit par sider videre i boka så kalrte eg ikkje å slutte å lese! Dette er norsk fantasy på ditt aller beste, og definitivt noko å lese om du liker Game of Thrones, Ringenes herre eller kanskje Odinsbarn av Siri Pettersen.Har du ei favorittbok på nynorsk du vil tipse andre om å lese? Del det gjerne i kommentarfeltet!
Eg gleder meg til å oppdage enda fleire favoritter i 2015, og til å få sjå Skammarens dotter på kino!
Bøker i dette innlegget
Nina er leder for Ubok, og har jobbet med det siden hun fikk ideen i 2010. Hun har vært spesielt glad i ungdomslitteratur helt siden hun selv gikk på ungdomsskolen, og er veldig fornøyd med å få jobbe med ungdomsbøker! Nina leser nesten hele tiden, men er også veldig glad i å være ute i naturen. Hun reiser ellers mye rundt på skolebesøk og snakker for elever og lærere om Ubok og om bøker, og liker seg aller best når hun kan hjelpe noen å finne den neste, beste leseopplevelsen!