UBF-FUB: En istykkerlest diktsamling fra 1969!

Publisert 10. februar 2015 13:24, sist redigert 4. mars 2016 22:23

Ubok spør iblant landets dyktige forfattere om hvilke bøker de husker best fra barndommen - hvilke som gjorde størst inntrykk. I dag har vi spurt Bente Bratlund, forfatter av blant annet Bebe-serien. Hun har valgt seg diktsamlingen Strime av Hans Sande:

Eg blei tidleg glad i dikt. Eg hadde som ung ei bok der eg skreiv inn dikt som eg kom over og likte. Til attenårsdagen min fekk eg ei diktsamling som kom til å bety mykje for meg. Det var diktsamlinga Strime av Hans Sande. Her var enkle, nedstrippa, direkte dikt som gjekk rett inn hos meg. Dikt som gjorde 
noko med meg.

Eg hadde diktsamlinga med meg over alt og plaga vennene mine i tide og utide med å sitera dikta. Eit av dikta eg siterte ofte kan eg framleis utanåt:

 ”Søster mi har ei vanskapt tå
 Når nokon spør korleis ho er blitt slik
 ser ho ned og seier: 
 Eg er fødd slik
 Hadde tåa vore mi 
 ville eg ha stirt inn i augo på den som spør og sagt:
 Togulykke”

Denne måten å skriva på appellerte veldig til meg. Det heilt frie. Det å få sagt så mykje med så få ord.

Då eg nær tjue år seinare møtte og blei kjend med forfattaren, kunne eg visa han boka utlest som ei lefse og med fullt av lause blad. 

Kan ei diktsamling kallast ei ungdomsbok? Ja, seier eg. Det skulle bli laga mange fleire diksamlingar for ungdom. Eit dikt kan ha ei heil historie i seg.

Ei av dei nyare diktsamlingane til Hans Sande Heilt konge, er nettopp ei diktsamling for ungdom. Vel verd å lesa. Sitat:

 ”Kva er det mjuke i munnen din?
 Eit kyss som ventar
 på tur”

Med korte setningar og få ord kan utruleg mykje bli sagt.

Om nokon skulle vilja gje meg ei stor gåve, ville eg ha ønskt meg eit nytt 
eksemplar av diktsamlinga Strime, der alle blada heng fast i liminga.


Strime var Hans Sandes første bok som han fikk Tarjei Vesaas`debutantpris for. Ble du nysgjerrig? Den kan være litt vanskelig å finne på biblioteket, men du kan lese hele boka gratis på nett her

dikt, blogg, forfatterblogg, favoritter, februar 2015, UBF FUB

Hilde er redaktør på ubok. Hun har studert litteraturformidling på Universitetet i Oslo, og jobber i bokhandel og som frilans manuskonsulent og anmelder.

Bøker i dette innlegget