Vår og kjærleik!

Publisert 14. mars 2016 19:41, sist redigert 14. mars 2016 19:42

Vil du lese om kjærleik, men berre på nynorsk? Då er denne lista noko for deg, den inneheld nemleg berre nynorske kjærleiksromanar. God lesnad!


Linn T. Sunne: Saiko

Ein lettlest og spanande thriller om å vere forelska, ein fest som ikkje gjekk som planlagt, forviklingar og utpressing.


Bjørn Sortland: Alle har eit sultent hjerte

Ina oppdagar at ho er gravid med Erik. Kva skal ho gjere no? Dei køyrer over fjellet til Oslo, så Ina kan snakke med venninna si. Men ho er stadig i tvil.


Alf Kjetil Walgermo: Mitt bankande hjarte

Korleis kan ein vere SÅ forelska, når det samstundes er noko gale med hjartet? Amanda er 14 år, forelska, og står i kø for ein hjartetransplantasjon.


Ingelin Røssland og Lars Mæhle (m.fl.): Elskar, elskar ikkje: 

Seksten nordiske kjærleiksnoveller samla i ein antologi! Dei norske bidraga er forfatta av Ingelin Røssland og Lars Mæhle.


Marit Kaldhol: Ein augneblink, kanskje to

Linn på sytten år har fått seg ein kjærast, same sommaren som mormora døyr. Ein djup, men samstundes lett og dansande kjærleiksroman.


Harald Nortun: Nesten saman

Lettlest og morosam bok om det å vere ung, sur, forelska og nesten saman.


Rune Belsvik: Verdas søtaste turist

Belsvik sine bøker er underlege, men eg elskar dei! Berre høyr namna på hovudpersonane i denne boka: Bidger og Esmiluni. Dei er forelska, og vil laga eit barn. Men ingen i heile Bløygen veit korleis ein gjer nett det…

Bøker i dette innlegget

Alle har eit sultent hjerte

Bjørn Sortland

Elskar, elskar ikkje

Ingelin Røssland og
Lars Mæhle

Mitt bankande hjarte

Alf Kjetil Walgermo

Nesten saman

Harald Nortun

Saiko

Linn T. Sunne

Verdas søtaste turist

Rune Belsvik

kjærlighet, romantikk, nynorsk, liste, mars 2016

Hilde er redaktør på ubok. Hun har studert litteraturformidling på Universitetet i Oslo, og jobber i bokhandel og som frilans manuskonsulent og anmelder.