Berre du som veit

Innbundet

9788252163049

2003

126

Nynorsk

Erna Osland

Ei samling noveller som til saman dannar eit univers med skoleliv i sentrum. Boka er lett å komme inn i og lett å lese. Velskrivne forteljingar viser fram dramatiske spenningar i skolekvardagen - spenningar ikkje berre mellom den einskilde og andre unge eller vaksne, men også inne i hugen til kvar einskild.

Her er farlege munnar, stemnemøte, alvorlege truslar og varme sjokoladar i sveitte hender. Ei jente med kniv dukkar opp. Og Tommy, som er så tynn at han ikkje vågar gå aleine heim. Daniel, som ikkje får puste så snart han går heimanfrå, er med, og mange fleire. Samtidig med at kvar novelle er eit lite kunstverk, gir ho også eit veleigna grunnlag for samtale i klassen - eller heime - om denne viktige biten av livsvegen vår.

skolen, noveller, stevnemøte, date, klassen