Bibelen 2
Are Kalvø er endeleg tilbake med ny bok, og er i tospann med teiknaren Steffen Kverneland meir satirisk og morosam enn nokon gong! Kva ville skjedd dersom Jesus kom tilbake i år 2002, og kva ville media brukt denne hendinga til? Og kommunikasjonsrådgivarane? I korte trekk er dette utgangspunktet for forfattar Are Kalvø og teiknar Steffen Kvernelands elleville harselas over Noreg og nordmenn anno 2002.
Jesus kjem altså tilbake, kledd i kjortel og sandalar, og han tar inn på Triaden Hotel i Lørenskog. Vegen derfrå er kort til TV-studioet hos Fredrik Skavlan og store oppslag i pressa. Snart tårnar problema seg opp, og skandalen er eit faktum. I denne oppfølgjaren får du heile historia om det som skjeddde, fortalt av dei som møtte Jesus, dei som påstod at dei møtte han, dei som følgde han, dei som intervjua han, og dei som arbeidde som rådgivarane hans.