Dagen om natta
Dagen om natta er ein roman om det å vere annleis og utstøytt, men det er samstundes ei hylling til fantasien og draumane. Ungdomsromanen handlar om Ingebjørg Nilsdotter Vatne, ei ung, vakker og livleg jente, som opplever den store kjærleiken i livet, Jakob. Dei planlegg bryllaup då det tragiske hender, Ingebjørg blir spedalsk.
For 150 år kunne folk bli smitta av leprabasillen og bli spedalske. Familiar vart splitta, dei spedalske kunne ikkje ha nærkontakt med andre menneske og vart ofte utstøytte. Ingebjørg veit at sjukdomen vil kome til å endre alt, og ho får rett. Jacob vil ikkje vite av ho meir, og ho blir meir og meir isolert frå andre folk. Men Ingebjørg lever dagen sin om natta. Då kan tankane hennar vandre fritt i kring og ho kan drøyme om Jakob! Motsetnaden mellom livsgleda, på den eine sida, og dødsvissa på den andre, gir denne forteljinga ei intens og dramatisk ramme.