Dans stille før stormen
Julie har øvd som ein gal for å klare opptaksprøvene til ballettskolen i London, men denne ettermiddagen rett før ho skal reise tar ho ein pause i dansinga for å vere med kjærasten ut i sjarken hans. Dei går i land på skjera, men brått blir idyllen broten av ei ulykke. Julie må sette livet og dansen på spel for å redde den unge fiskaren ho elskar.
Ein medrivande og intens roman om hav, dans og to unge elskande som ikkje deler framtidstankar, men likevel drøymer om eit liv med kvarandre.