Dragsug
På ein skogstur finn journalist Tone Tarud eit
kvinnelik. Kvinna er drepen, og Tarud og den drepne har ein ting
felles, dei har begge søkt partnar gjennom Internett. Etter kvart får
Tarud kjensla av at nokon også er ute etter henne. Er det den same
mannen, eller har det samanheng med jobben hennar? Ho arbeidar med ein
radiodokumentar der ho intervjuar pårørande til menneske dømde for mord.
Er det ein av mordarane som mislikar at ho blandar seg inn?