Ein naken gut
Rune Belsvik med stor roman! Brageprisen 2000!
Dei to litterære figurane som forfattaren Rune Belsvik er mest kjend for å ha skapt og gjort levande, er nok Dustefjerten for barna og Arne Bu for dei unge. Om Arne Bu har det kome tre bøker får, og i den første boka gjekk hovudpersonen på ungdomsskulen. I den fjerde boka, som kjem ut på Det Norske Samlaget med tittelen "Ein naken gut", fyller den same Arne Bu 18 år. Den bråvaksne guten som stakk av frå vidaregåande skule i førre bok, bur no på brakke i ein framand by og arbeider på ein byggjeplass. Han lengtar etter ein gammal kjærleik medan han leitar etter ein ny, og reknar med å vende heim ein dag "med ei rose i munnen og sjela full av ville og glitrande minne".
Dette er ei spesiell og viktig bok i forfattarskapen: Ein utviklings- og mogningsroman som også blir ein kunstnarroman. Belsvik riv oss med, både unge og eldre, i ei skildring som på same tid er rå og var, blind og direkte, kontaktsøkjande og naken.