Englefjes
- Du di journalistfitte, freser han i øyret mitt.
Så rykker han meg opp frå underlaget, slenger meg over skuldra og ber meg ned til brønnen, der han slenger meg frå seg som om eg var ei fille.
Engel har sommarjobb i lokalavisa på Tysnes og har fått teften av ei god sak. Hyttefolk som bryt bygningslova like ved eit fuglereservat og hindrar fri ferdsel i strandsona. Engel skyr ingen metodar for å skaffa bevis, men det viser seg snart at skjergarden rundt Tysnes skjuler verre ting enn ulovlige hyttenaust. Ei dørvakt på hotellet kollapsar på jobb, og i krokane blir det kviskra at grunnen er overdriven bruk av sexdop. I si jakt på sanninga og ei god sak for avisa, kjem Engel stadig i trøbbel med politiet både for hærverk og båttjuveri. Når Engel får teften av mord, finn ho det best å ta saka i eigne hender. Engel blir nøydd til å lura mordaren i ei felle, og ho har inga anna lokkedue enn seg sjølv.
Første boka i den råe trilogien om journalistspira og bråkmakaren Engel Winge!