Engleslakt
– Korleis fann du meg?
– Eg er journalist, eg kan finna deg om så du prøver å gøyma deg på baksida av Helvete, Stian. For det er Stian du heiter, Sly?
– Jo, seier Stian og set seg opp på benken der han har lege og løfta.
Etter ein fest byrjar Engel og venninna Irene å få ubehagelege tekstmeldingar. Det som først ser ut til å vere ein dårleg spøk, blir snart blodig alvor. For første gong er journalistspira usikker på om det er sånn at alt eignar seg på trykk. Ho får kjenna på sitt eige mørker, for finst det brot som ikkje kan bli tilgitt, men må hemnast?
Siste bok i trilogien om journalistspira og bråkmakaren Engel Winge.