Fengsla
Idun er flinkast i klassen, men blir alltid nummer to på 800-meter. Ein ettermiddag i august kjem kusina Mai med toget, og livet til Idun blir snudd på hovudet.
Med Mai i livet går kvardagen brått frå kjedeleg til farleg, frå lovleg til ulovleg, og alt Idun kan gjere, er å springe fortare.
Fengsla vart i 2010 kåra til beste barne- og ungdomsbok av Brageprisjuryen.