Full pott i hjerter
Kva gjer du når mor di er på turné med ein tvilsam dansebandbassist, ADHD-bror din på tolv er blitt ferska som øltjuv, og sosiallæraren er farleg nær sanninga om korleis det eigentleg står til? Om du er Jon frå Torshov, pakkar du sekken fort som fy og rømmer vestover med bror din, på leiting etter ein kriminell far som du aldri har treft, og som ingen har sett snurten av på fjorten år.
Full pott i hjerter er ei drivande spennande og realistisk on the road-samtidsforteljing; ei intenst fortald forteljing om eit brødrepar som tek ansvar for eige liv, om abdiserte foreldre, gamle løyndommar og to tenåringsgutar som fell for kvarandre.