Greatest hits vol 2
Det er ikkje ei kraftig overdriving å seie at Are Kalvø dominerte norsk kulturliv i åra rundt tusenårsskiftet. Ei overdriving er det sjølvsagt. Fullstendig urimelig, faktisk. Men kraftig?
Mange reknar Kalvø som ein av dei betre nynorske satirikarane som blei født på Sunnnøre i desember 1969, og når ein les den andre greatest hits-boka hans forstår ein verkelig kvifor. Denne samlinga viser den enorme breidden i Kalvøs forfattarskap:
- Harry frå 1999 viser at Kalvø har kontakt med folkedjupet.
- Bibelen 2 som han gav ut saman med teiknaren Steffen Kverneland i 2001, viser at Kalvø har kontakt med høgare makter. Og teiknarar.
- Alle tekstane frå andre bøker, aviser, blad, radio og TV, viser at Kalvø kanskje burde skaffe seg ein hobby snart. Rævkrok, for eksempel.
Gunnar Stålsett har ikkje skrive forordet i boka.