Heilag galskap
Kampen mot maktmisbruk og hjernevasking i Guds namn
Då eit CHERUB-team avdekkjer samarbeid mellom øko-terroristgruppa Hjelp jorda! og ei velståande religiøs sekt som heiter Overlevarane, blir James Adams send til Australia på eit spionoppdrag. Det er den tøffaste jobben hans så langt.
Hovudkvarteret til Overlevarane langt ute i bushen er fullstendig isolert. Det er tusen kilometer til nærmaste by, og hjernevaskinga til sekta sett James er under eit veldig press.
Denne gongen kjempar han ikkje berre mot terroristar. Han må også kjempe for å få kontroll over sin eigen forstand.
Heilag galskap er den femte boka i serien om CHERUB. Dei tidlegare bøkene i serien heiter Rekrutten, Kokainkongen, Flukta og Drapet.
Frå 12 år.
Frå engelsk ved Øystein Rosse