Rekrutten - grafisk roman
James Adams er 12 år og kjem på barneheim etter at mora døyr. James får raskt tvilsame venner, hamnar i slåsskampar og blir ar-restert for tjuveri. Men då CHERUB oppdagar hans skjulte talent, byrjar eit nytt liv som spion.
Men lett skal det ikkje bli. James må klare den knallharde opptaks-prøven: 100 dagar med smertefull grunntrening, før han kan få sitt første oppdrag, der han skal spionere på ei gruppe øko-fanatikarar som planlegg eit biologisk terrorangrep. Kor store sjansar tør han å ta? I verste fall kan det bli med livet som innsats.
CHERUB-agentar er mellom ti og sytten år gamle. Dei kan bevege seg fritt utan at vaksne får mistanke til dei, og få tak i opplysningar som sender kriminelle og terroristar i fengsel. Men offisielt finst ikkje desse barna.
tegneserie, agenter, illustrert roman, tegneserieroman