Øystein Runde
(f. 1979) er teiknar og grafikar frå Ulsteinvik. Han gav i 2009 ut Soga om Olav Sleggja, der han har fanga tonen frå sagalitteraturen i teikneserieform, med beksvart humor og korthogne replikkar.
Øystein Runde har i tillegg til dette gitt ut albuma Bjartmann og Futen, familiesplattaren Margarin, saman med Kristopher Schau, Rundetid og De Fire Store: Når de døde våkner.
Runde bur i Oslo.