Aina Basso
Aina Basso (f. 1979) kjem frå Giske. Ho debuterte i 2008 med ungdomsromanen Ingen må vite. I 2010 følgde ho opp med ein roman for vaksne, Fange 59. Taterpige. I 2012 kom ungdomsromanen Inn i elden, som vart nominert til Brageprisen i open klasse, ungdomsbøker.
Basso er utdanna historikar og bur i Oslo. Ho har òg ein blogg der ho skriv engasjert om litteratur og det å arbeide som forfattar.