Arnfinn Kolerud
(f. 1968) kjem frå Isfjorden i Romsdal og er barne- og ungdomsbokforfattar. Han debuterte i 1996 og har fått fleire prisar for bøkene sine.
Kolerud fekk Kulturdepartementet sin debutantpris for barne- og ungdomslitteratur for den første boka si, Berre ikkje brøyteplogen kjem. Den som ikkje har gøymt seg no (2004) har blitt samanlikna med oppvekstskildringane til Tarjei Vesaas. Felles for bøkene til Kolerud er at dei gir stillferdige og sanselige innblikk i oppvekst, guteliv og bygdeliv i 1970-åra.
For Den som ikkje har gøymt seg no (2004) blei Kolerud nominert til Brageprisen, fekk Kritikarprisen, Nynorsk barnelitteraturpris og Guro Sandsdalens litteraturpris.
Han er for tida busett i Måløy i Sogn og Fjordane.