Hilde Kvalvaag
(f. 1968) debuterte med ungdomsromanen Hjarteklapp i 2003. For den fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris. For si andre bok, Nattsommarfugl (2005), mottok Kvalvaag Kulturdepartementet sin litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok og Guro Sandsdalens litteraturpris. I 2010 vart ho tildelt Brageprisen for beste barne- og ungdomsbok for romanen Fengsla (2010).
Som forfattar har Kvalvaag eit godt blikk for detaljar, elegante formuleringar og ho skapar ein nærleik som trekker lesaren inn i handlinga.
Hilde Kvalvaag er utdanna sosialantropolog, er styremedlem i Norske Barne- og Ungdomsforfattere (NBU) og redaktør i UiBs forskingsmagasin Hubro. Ho er fødd i Oslo, men bur no i Bergen.