Olaug Nilssen
Olaug Nilssen (f. 1977) debuterte med romanen "Innestengt i udyr" i 1998, og har sidan skrive fleire bøker i ulike sjangrar og utmerkt seg som ei tydeleg og viktig stemme i norsk litteratur. I 2004 blei ho kåra til ein av dei ti beste forfattarane under 35 år i Noreg av Morgenbladet.
Nilssens andre roman, Vi har så korte armar kom i 2002. Romanen Få meg på, for faen kom seinare same år og markerte eit gjennombrot for Nilssen. For boka fekk ho både Bergensprisen og Sunnmørsprisen i 2005. I 2006 blei ho som 27-åring den yngste festspeldiktaren nokon sinne under Dei nynorske festspela.
Teaterversjonen av Få meg på, for faen blei spelt for fulle salar på Det Norske Teatret i 2007. I 2009 gav Nilssen ut portrettboka Nesten frelst av Sigvart Dagsland. I 2011 kom filmen, og fekk fantastiske kritikkar.
Olaug Nilssen er frå Solheimsdalen i Førde og bur no i Bergen.