Rønnaug Kleiva

(f. 1951) er ein prisbelønd forfattar, dramatikar og barnebokforfattar frå Vartdal på Sunnmøre. Bøkene til Kleiva er omsette til gresk, serbisk, russisk, svensk, dansk og fransk – i tillegg til at Kleiva er med i antologiar på tysk, tsjekkisk og bosnisk. Ho er òg representert i fleire norskverk for grunnskule og vidaregåande skule.

Rønnaug Kleiva er utdanna cand. mag. med lærarskole, idrett grunnfag og norsk mellomfag. Ho har teke forfattarstudiet i Bø i Telemark, og har fleire års praksis som lærar.