Tore Elias Hoel

Tore Elias Hoel (født 14. desember 1953 i Harstad) er ein norsk lektor, lyriker og ungdomsbokforfattar. Han har skreve seks ungdomsromanar, to diktsamlingar og ein libretto til ein oppført opera for barn. Han er utdanna cand. philol. og har undervist i norsk litteratur på universitet, høgskule og lærarhøgskule og i norsk og historie på videregåande skule. Han bur i Bodø og arbeider på Bodø videregåande skole.

Etter ein pause i forfatterskapet byrja han å skrive romanar for ungdom. Desse relativt korte romanane har alle eit begrensa tidsforløp(handlinga skjer innanfor eit døgn), og dei tek utgangspunkt i ein kaossituasjon(oppløyste familiar, eit samfunn utan styring) der sorg og sakn òg er sentralt. Språket i romanane er kortfatta og sakleg.

(Frå: http://no.wikipedia.org/wiki/Tore_Elias_Hoel)